star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord Eikefjordstøylen

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka...

Praktisk info

Enjoy-kode: 202481
Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
45 minutter
Lengde
1.6 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Oppe ved brua er stidelet til Knapstadstøylane. Går du austover og følgjer raud/blå merking innover til Ystestøylen. Stien går i flatare terreng innover Betnene til Ystestøylen.

Vidare oppover til Eikefjordstøylen må du være spesielt oppmerksom i Rømmeskåra. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømme bøtta i Luciaræva og rømmen randt ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt og isete. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden. Det er merka sti vidare til Knappstadstøylane og Hovlandsstølane.