star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord Eikefjordstøylen - Knappstadstøylane - rundtur

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka...
Foto: Astrid B Eliassen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 507475
Turen starter og slutter ved rasteplassen i Eikefjord på Rv 5
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
8.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Oppe ved brua er stidelet til Knappstadstøylane. Då går du austover og føljer raud/blå merking innover til stølen. Stien går i flatare terreng innover Betnene til Ytrestøylen. Eller du kan gå oppover til Eikefjordstøylen då må du være spesielt oppmerksom i Rømmeskåra. Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømme bøtta og i Luciaræva og rømmen randt ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra

Er fjellet vått kan det være glatt og isete. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden. Det er merka sti vidare austsover til Knappstadstøylane.

Knappstadstøylane er merka som Ytrestøylen og Instestøylen på kartet. Det er fleire stiar til stølane og denne går frå inste enden av Rasteplassen der du følgjer stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er det eit nytt skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Herfrå er det merka sti til Kvile/Langelia der stien kjem opp frå Knapstad. Vel oppe på Ystestølen kan du no ta deg ein kvil og nyte utsikta. Vil du ha betre utsikt går du opp på Bleikeknollen nord for stølen. På vei opp/ned til Ystestølen kan du ta turen om Kyraråkja som er letter enn den bratta - Kyraråkje er merka med skilt

Frå Ystestøylen kan du gå til Instestøylen, følg stien rett bak Ystestøylen opp eller 100 meter nord for turbokkassen står skilt som viser sti innover til Instestøylen. Her inne er det fin utsikt over Endestad og austover mot Nordfjord.