star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord - Urrabben rundtur

Frå inste enden av Rasteplassen følgjer du stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Det er merka sti til Kvile / Langelia der stien kjem opp...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 824603
Turen starter og slutter ved rasteplassen i Eikefjord på Rv 5
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Voksne, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå inste enden av Rasteplassen følgjer du stien inn til undergangen på Øvrebøen. Her er skilt som viser til «Knapstadstøylen Kvile 2.3 km». Det er merka sti til Kvile / Langelia der stien kjem opp frå Knappstad. Her går du inn dalsøkket til du kjem fram til stien som kjem opp frå Hestvika. Det er myrete innover, men det går greit å gå på sidene innover. Når du møter stien frå Hestvika, går du vidare opp bratta eit kort stykke til Uravatnet og du er på Urrabben. I vestre enden av Uravatnet ligg det ei Jettegryta - det er skilta til Jettegryta frå stien. I austre enden finn du ei stor furu som to personer ikkje klarer å ta rundt. Den merka stien - Urastien, går heilt fram til der du møter stien opp til Ytrestøylen. Her tar du nedover og kjem innatt på stien i krysset der du gjekk innover dalen og stien går ned att same veg til Rasteplassen.

Vil du forlenge turen, kan du gå opp til Ytrestøylen og ned att via Kyraråkja. På Ytrestøylen går du eit stykke på stien mot Eikefjordstøylen / Rasteplassen til du ser skiltet Kyraråkja. Du kjem då tilbake til stien frå Urrabben / Urastien. Her kan du gå vidare nedatt til Rasteplassen. Ein kan også ta turen til Øyraskåra