star
star
star
star
star

Røykjeskålslia

Lett fottur på natur- og kulturstig frå Sota i Skjåk langs Røykjeskålvatnet i Breheimen og attende til Sota. Følg bomvegen mot Mysubytta 900 m. Du går over 2 bruer. Ta av frå vegen og gå stigen mot...

Praktisk info

Enjoy-kode: 521732
Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss i Skjåk. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
9.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lett fottur på natur- og kulturstig frå Sota i Skjåk langs Røykjeskålvatnet i Breheimen og attende til Sota. Følg bomvegen mot Mysubytta 900 m. Du går over 2 bruer. Ta av frå vegen og gå stigen mot venstre. Stigen går i lett terreng langs Røykjeskålvatnet og opp til Mysubytta. Du følgjer Mysubyttvegen attende til Sota. På høgste punktet på vegen, ser du start for stigen opp til Sekken. Her får du framifrå utsikt innover Syrtbyttdalen og innover Breheimen.

Natur –og kulturstigen har 15 poster med tekst knytt til området. Det er DNT som har laga stigen. Stigen er ikkje merka, men lett å følgje.

Røykjeskålvatnet med Røykjeskålslia er ein del av Breheimen nasjonalpark. Røykjeskålslia har alltid vore kjend som eit varmekjært område med innslag av planter frå vest.

Furuskogen rundt vatnet går gradvis over i bjørkeskog. Området er klassifisert som svært viktig, fordi det er eit velutvikla og sjeldan intakt område med gamal skog. Det er observert mange sjeldne fugleartar som haukugle, raudstjert, svartspett og tretåspett. Lappmeis, som er ein svært uvanleg gjest i skogane i Sør Norge, hekkar ved Røykjeskålvatnet.

Namnet Røykjeskålen kan kome av at det eingong låg eit sælehus her, for dei som reiste over fjellet i middelalderen. Frå denne staden gjekk det ferdselsveg over Handspiken til Jostedalen.

Seinare har det vore seterstul her for gardane Harsheim og Skrinde. Det heiter seg at dei flytta frå setrene sine fordi det var så mykje orm og underjordiske her. Ormen var plagsam for kyrne, han beit dei i juret. Ein vår dei kom på setra, låg det ein daud mann på ein benk i eit av husa, og hovudet låg bak peisen. Da brende dei ned huset og reiste heim att.