star
star
star
star
star

Rundtur frå Hagebø om Lona-, Mæle- og Geitrheimsætre og retur over Stongfjellet

Flott rundtur i forholdsvis lett terreng der ein er innom tre av dei mange stølane som ligg i dette området samt får med seg den flotte utsikten frå Stongfjellet. Turen startar frå Hagebø....
Foto: Geir Johannessen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 336081
Med bil køyrer ein til Lonevåg og tek til høgre i rundkøyring. Etter eit par 100 m tek ein til venstre på Fotlandsvegen (Fv 368) og etter ca 1 km tek ein til høgre på FV 363 (Solbjørgsdalen). Etter 1,3 km tek ein til venstre på Hovdavegen. Etter ca 2 km kjem ein til vegskilje der ein tek til venstre mot Hagebø. På toppen er det parkering ved nokre store søppelspann.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flott rundtur i forholdsvis lett terreng der ein er innom tre av dei mange stølane som ligg i dette området samt får med seg den flotte utsikten frå Stongfjellet.

Turen startar frå Hagebø. Parkering på venstre side av vegen på toppen attmed nokre store søppeldunkar. Turen startar andre sida av vegen der ein går på veg gjenno tunet/hagen til høgre for kvitt hus og følge skogsvegen vidare rett fram til ein passerer ei stor gran. Her går skogsvegen over i i sti. Etter eit kort stykke oppover kjem ein til ei grind. Etter grinda klatrar stien seg oppover Kleiva til eit lite skar, Antunkvilet, før det flatar ut og den kryp ner og innover i Steinsdalen og følge den oppover lagns elva. (Like før toppen av Kleivader skare begynner, kan ein ta opp til høgre om ein vil gå motsatt veg eller berre rett opp på Stongfjellet.)

No kjem ein opp til Bysheimsvatnet. Ein passerer ei gamal hytte og stigen går på høgre side av myra her og litt oppi skråninge. Ein klatrar seg over ein ås og ser ned på Lonasætre. Ser ein til venstre ser ein Låstadsætre og Fagerdalsvatnet. Ein går ner til Lonasætre og følge stig opp til høgre på oppsida av inste stølsbygningen. Ein følge så dalføret på austre sida av Lonkollen til ein kjem til Mælesætre.

Når ein skal til Geitrheimssætre må ein no ta rett vest over myra. Der finn ein god sti som leier over åsen til Geitrheimssætre. Herifrå er det berre å følga sti over rindane til ein kjem opp på Stongfjellet. Stongfjellet gjer deg flot utsyn i alle retningar. Like nedanfor toppen er det med postkasse og turbok.

Frå Stongfjellet føl ein først stigen ner til høgre frå varden. Den svingar seg i ein boge nerover, og etter nokre hundre meter flatar den ut over ei myr. Når ein kjem over myra skal ein ta til høgre og følge sti på rinden nordover. Her må ein passe på. Det er grei sti nedover til Hagbø att, men stiskilje er litt vanskeleg å sjå. Stien er delvis varda. Ein passerer ei hytte når ein har gått eit godt stykke nedover. Etterkvart kjem ein inn på stien vi kom opp Kleive.