star
star
star
star
star

Rundtur Slåttefjellet

Slåttefjellet er ein topp med god utsikt i alle retningar, men samstundes ein lett topp å kome til heilt frå botnen av dalen. Denne rundturen går gjennom idylliske setremiljø, gjennom bjørk- og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 729965
Oppmøtested: Harpefossen, ved skisenteret
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
8.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Slåttefjellet er ein topp med god utsikt i alle retningar, men samstundes ein lett topp å kome til heilt frå botnen av dalen. Denne rundturen går gjennom idylliske setremiljø, gjennom bjørk- og furuskog til høgsfjellsterreng, for så å returnere gjennom den slake og fredelege Tippadalen.

Harpefossen-Tippasetra-Nakkesetra-Resenden-Heia-Slåttefjellet-Tippaskaret-Botnareset-Heia-Nakkesetra-Tippasetra-Harpefossen

Frå parkeringsplassen ved Tippabrua på Harpefossen (Varmestova) går turen på grusveg 1,0 km til Nakkesetra. Her tek ein av rett sørover opp til toppen av setra og vidare oppover på tydeleg sti 1,4 km til Heia. Vidare rett oppover på stien austover langs ryggen som flatar ut der løypa svingar til høgre sør i eit myrområde oppover lia. Løypa svingar so austover att før den slakt svingar seg inn på toppen av Slåttefjellet (909 moh) frå aust, 1,1 km frå Heia. Frå toppen er det god utsikt i alle retningar. Frå toppen ned til Tippaskaret går stien mot søraust før den svingar nedover på skrå langs lia 1,1 km mot sørvest og skiltkrysset øvst i Tippaskaret. Vegen ned er litt luftig ned mot Tippadalen på høgre hand og med flott utsikt ned til Fossevatnet og Fossesetra på venstre side. Frå Tippaskaret svingar løypa seg 0,7 km på sørsida av grova ned mot til Botnareset øvst i Tippadalen. Her tek løypa av frå ein tydeleg sti relativt flatt langs skogkanten på utydeleg sti fram til ein møter den tydelege stien ned frå Slåttefjellet på Heia 1,0 km lenger framme. Herifrå fylgjer ein same veg tilbake til Harpefossen.

Turen passer for alle som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.