Praktisk info
Parkering: Parkeringsplass på Furuhodane.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Turen går frå Harpefossen opp til Furuhogane og vidare i variert fjellterreng over til Kloven og ned til Nesbakken kor ein fylgjer bygdevegar og skogbilvegar tilbake til utgangspunktet på Harpefossen. Dette er ein innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, langs elvar, fossefall og demningar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven.
Harpefossen/Tippabrua-Harpefossen Hyttegrend-Furuhogane-Kjenndalsvatnet sør-Kjenndalshytta-Kjenndalsvatnet nord-Kringlevatnet-Blåfjellvatnet-Klovevatnet-Nesbakkelva-Nesbakken-Solvang-Espe bru-Tippasetra-Harpefossen/Tippabrua.
Turen starter på Harpefossen kor ein fylgjer vegen opp gjennom hyttefeltet til starten på Kjenndalsheisen og servicebygget som ligg i overkant av skoggrensa på Furuhogane. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte fiskekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga forbi steinhytta (Kjenndalshytta) til nordenden av vatnet (1 km) kor ein tek til høgre opp slukta til Kringlevatnet (300 m). Herifrå går merkinga 700 meter rundt sørenden av vatnet og opp eit søkk mot ein liten topp (936 moh) med flott utsikt og kor ein ser ned Blåfjellvatnet på venstre side og over mot Tjuvavatnet på høgre side. Stien er nokre få stadar litt bratt på veg ned mot den slake opne lida på nordsida av Blåfjellvatnet (1 km). Her er det fint å slå opp telt og fiske. Løypa går vidare ned langs ei lita elv mot nokre småvatn og etter kvart Klovevatnet (700 m). Stien fylgjer vasskanten langs nordsida av vatnet 600 meter til demninga kor ein kan risikere å måtte hoppe over elva dersom det er mykje vatn. Frå demninga går løypa langs skogsbilveg og ved Nesbakkelva (2 km) so tek ein av til venstre slakt oppover myra før ein rundar ryggen nedover myrane mot stiane og traktorvegane som fører fram til Nesbakken (2 km). Herifrå fylgjer man gardsvegen ned til Solvang (800 m) og deretter fylkesvegen 400 meter over Espe bru kor ein tek til venstre nordaustover langs Mørvegen. Etter 1,5 km slutter Mørvegen og dei siste 300 meterane til lysløypa/Tippasetra må ein fylgje merkinga over myra. Utgangpunktet på Tippabrua er då berre 150 meter unna.
Turen passer for alle som er i god form og med skikkelige fjellsko.