star
star
star
star
star

Rusletur rundt Austreimsneset

På Austreimsneset er det ein fin, kort, grusa turveg. Denne tek deg rundt omkring i skogen og ut til svaberga på andre sida. Her er det fint både å gå med barnevogn og sykle. Av og til kan ein òg...
Foto: Espen Bakketun

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 112368
Ta av frå fv. 55 og ned mot skilta badeplass på Austreim.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
0.6 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På Austreimsneset er det ein fin, kort, grusa turveg. Denne tek deg rundt omkring i skogen og ut til svaberga på andre sida. Her er det fint både å gå med barnevogn og sykle. Av og til kan ein òg treffe hestar på tur her. Det er mange fine tre å klatre i og det er hengt opp to slengdisser. Det er også nokre benkar å sitte på der ein kan nyte utsikta utover Sognefjorden. Ved starten av turløypa ligg den kommunale badeplassen som har ei fin steinstrand med stupebrett og flytebrygge om sommaren. Det står også ein gapahuk ved løypa med bålplass til grilling. Løypa er småkupert og tek ulike vendinger både gjennom skogen og ned til sjøen. På baksida er det litt bratt ned mot sjøen, så ver merksam på det.