SAHG m/ No September

Dørene opnar kl 21 Spelestart kl 22 Den nye EPen ‘More of Nothing’ kom ut 29. november, med fire blytunge nye låtar som spenner frå sylkvass heavy til bekmørk ballade. Som vanleg med ein fot...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
18.Jan
-
9:00pm

Detaljer

Dørene opnar kl 21

Spelestart kl 22

Den nye EPen ‘More of Nothing’ kom ut 29. november, med fire blytunge nye låtar som spenner frå sylkvass heavy til bekmørk ballade. Som vanleg med ein fot planta i klassisk syttitals heavy og den andre i den moderne metalverda. Breibeint, med andre ord. Det skal fyrast av både nytt og gammalt frå scena denne kvelden, frå Sahg si seks album rike, og atten år lange historie. Så, likar du metalen din heavy? Då er det ikkje anna å gjere enn å møte opp på Arena laurdag 18. januar, for ei overdose True Norwegian Heavy Metal!

Som support stiller det unge Stordbandet No September. Dei spelar eigenkomponert rockemusikk, samt noko cover, blant anna av Bastard. Bandet består av Øyvind Spissøy (trommer) Daniella Tislevoll (bass og kor) Audun Kaldråstøyl Johansen (gitar og kor) og Didrik Tingvoll Spissøy (gitar og vokal)

Praktisk info

Enjoy-kode: 206959
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.