Detaljer
Kva meiner du om å bruka bunad? Kvifor har du bunad??
Fem organisasjonar arbeider for å nominera bunadbruken til UNESCO si verdsarvsliste for immateriell kultur. I denne samanhengen inviterer Rogaland Ungdomslag og Garborgsenteret til samtalemøte om bunad på Hulda Garborgs 160-årsdag. Me vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Jæren. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.
Du vil få utdelt spørsmål som du skal svara og diskutera med andre rundt bordet. Det vert servert kaffi/te og litt å bita i under samtaledelen av møtet.
Arrangementet er gratis, men alle må melda seg på på førehand. Ingen førebuing eller forkunnskapar vert kravd for å delta.
Program:
18.00: Velkommen v/Inger Undheim og Synnøve Jørgensen
18.05: Hulda Garborg og bunadene. Innleiing ved bunadsekspert Målfrid Grimstvedt
18.45: Deltakarane fyller ut spørjeskjema og samtalar om bunadbruk. Med kaffi/te og noko attåt
20:00: Oppsummering i Storsalen – kva har gruppene snakka om?
Seinast 21.00: Program slutt
Velkommen til ein gild og sosial bunadskveld på Garborgsenteret!
Les meir om nominasjonsarbeidet på bunadbruk.no