star
star
star
star
star

Sætveit - Breidsete

Skildring av tur Du går oppover på god skogsti. Etter om lag 15 minutt deler stien seg. Her er det skilta Fjellstøl og Vikanuten. Gå mot Fjellstøl. Først opp ein bratt rygg i granskog. Omtrent...
Foto: Steinar Smith

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 527857
1,0 km sør for Jondal sentrum. Informasjonstavle og skilt ved parkeringsplass på austsida av vegen. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Du går oppover på god skogsti. Etter om lag 15 minutt deler stien seg. Her er det skilta Fjellstøl og Vikanuten. Gå mot Fjellstøl. Først opp ein bratt rygg i granskog. Omtrent halvvegs til Fjellstøl kjem du til lauvskog med nokre opnare parti med utsikt. Stølen Fjellstøl ligg rett ovanfor skoggrensa. Når du er på stølen bør du ta ein avstikkar til ei antenne (ca 100 m nordvest for stølen), der det er flott utsikt mot Jondalsbygda. På stølsvollen er det ei kasse med bok som du kan skrive i. Rett ovanfor stølen er det skilta til Jondal (tur 25b via Jondalsleite), til Vikanuten (tur 24) og til Breidsete. Du går vidare mot Breidsete i småkupert fjellterreng mot Tveddalsnotten. (Ikkje merka bort til toppen, som ligg ca 5 min. til venstre for stien når du er på det høgste punktet på turen. Her er det flott utsikt, også ned til Breidsete som er endepunktet for turen. Det er farleg bratt på austsida av toppen.) Vidare er det bratt ned til Torsnesmyrane. Når du kjem ned er det merka til Breidsete og Fjelltveit. Gå mot Breidsete. Etter kort tid ser du stølen. Stien går ned og over ei bru, og opp 100 m til endepunktet på bilvegen. Der finn du ei informasjonstavle for turane i området.

Sesong

Mai/juni – oktober

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.