SCANDINAVIAN STAR

Korleis er det mogleg å elske i kapitalismen si tidsalder? Det treffande spørsmålet står som eit utgangspunkt for Asta Olivia Nordenhof si siste bok “Djevelboken”. Dette er andre bok i ein planlagd...
03.okt
-
kl 13:00

Detaljer

Korleis er det mogleg å elske i kapitalismen si tidsalder? Det treffande spørsmålet står som eit utgangspunkt for Asta Olivia Nordenhof si siste bok “Djevelboken”. Dette er andre bok i ein planlagd sjubindsverk, som lausleg krinsar rundt den dramatiske, og framleis mystiske, mordbrannen på skipet Scandinavian Star.

Nordenhof er kjend som ei av dei mest toneangivende danske forfattarane. Med dette ambisiøse prosjektet utforskar ho tema som makt, psykiatri, kjærleik og kapitalisme, i ein heilt særeigen litterær sjangermiks.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe dagspass og festivalpass:

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet, så lenge det er plass. Vil du vere garantert plass, må du hente ut plassreservasjon på dei enkelte arrangementa (gratis).

Praktisk info

Enjoy-kode: 675376
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo