Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Føl skilt til Smørdalen (oransje merking, dels gule merkeband). Relativ bratt stigning opp gjennom granskogen inntil stidele til Laupsaflyane. Deretter nord-vestover i litt slakare terreng gjennom lauvskog, før stien igjen stig bratt oppover lia. Kan vera litt vått på førsommaren. Stien held fram på austsida av Smørdalen med utsyn til brusande elv i gjelet og fjella Skrott og Håstabben i front. Føl sti og merking til du ser posten ved stien. Om du ikkje vil returnera same veg tilbake, kan du følgja sti og merking vidare til Håsete for retur via T-merka rute til Fitjadalen. Frå Håsete kan du også gå T-merka rute til Breidablik og til toppen av Skrott. Alternativ rute tilbake - føl skiltet og dels merking til stølen Laupsaflyane, gå ned stien på austsida av Flyelva og returner gjennom same granskogen som du gjekk opp.