Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Skildring av tur
Ved parkeringsplassen på Solhaug er det informasjonstavle og skilt til Fodnastøl. God sti i lett skogsterreng, men litt myrlendt. Når du kjem opp der du ser Fodnastølsfossen, deler stien seg. Her er det skilta Fodnastøl og Vatnasete. Denne turen er ein rundtur og er omtalt å gå først i retning Fodnastøl, men vanskegraden er svært lik om du vel å gå motsatt veg. Når du har valt å gå mot Fodnastøl kjem du etter kort tid til utfallet frå Fodnastølsvatnet; ein svært fin foss, spesielt ved snøsmelting i høgfjella eller om det har vore mykje nedbør. Stien går opp tett innmed fossen, og vidare innover på nedsida av vatnet. Når du kjem inn mot enden av vatnet ser du Fodnastølen på motsett side av vatnet. Det er ikkje merka opp til stølen, men vi anbefaler å gå dit. Merkinga vidare går framover og ned til Vatnasetevatnet og vidare langs vatnet til eit stikryss, med Vatnasete like ovanfor. Her er det skilta Solhaug. (I dette stikrysset kan du gå mot Eggjasete/Stuasete.) Vidare går turen forbi Vatnasete og tilbake til stikrysset der du såg Fodnastølsfossen.
Sesong
Mai - oktober/november.
Råd for turen
-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
- Mobildekning er god på det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.