Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Følg vegen mot Mysubytta 100 m frå Sota seter og DNT-merka stig opp til venstre. Følg stigen opp gjennom skogen og oppover til terrenget flatar noko ut etter 2,8 km og 1340 moh. Gå frå stigen rett aust mot søre Sothogget, langs Framste Sottjønn, over tunga mellom Sotjønna og fram til Sottjønnbu.
Skjåk Almenning leiger ut Sottjønnbu som har 4 sengar. Hytta har båt med garn.
Inste Sottjønn er grunt på aust- og sørsida med mykje stein og blokkar i vatnet. Framste Sottjønn er grunt på austsida.
Det vert sett ut fisk på Sottjønna. Storleiken på fisken er frå 250 g og oppover. Auren har god kondisjon og er raud i kjøtet.
Det kan vere vanskeleg å få fisk på stong. Vestsida av Inste Sottjønn er bra for oterfiske. Det blir fiska med garn på Sottjønnen.