Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Følg stigen opp gjennom furuskogen. Du går forbi brua over Stamåi og skogsvegen som går til Stamsetra etter 1,1 km. Stamsetra ligg på grensa til Ottadalen landskapsvernområde i randsona til Reinheimen nasjonalpark. Stigen går vidare langs fossen i Stamåi, før den svingar mot vest og opp ryggen mot Stamseterhovden. Det er flott utsikt mot Skridulaupen i vest og Breheimen i sør. På heimtur kan du gå over Stamåi bru og skogsvegen 500 meter mot Stamsetra. Skogsvegen er merka frå Stamsetra og ned til Rv.15. Her må du gå 1,2 km langs Rv.15 for å komme til bilen.
Frå stigdelet mot Stamseterhovden kan du gå vidare innover Gjeitådalen på umerka stig. Stamseter er eit fint utgangspunkt for stigen vidare innover Heggebottflye til Sveinbu og Lordalen i Lesja. Det er 10,5 km frå Stamseter til Sveinbu. Viss du har lånt nøkkel hjå Skjåk Almenning kan du overnatte i Sveinbu. Eit anna alternativ er å gå stigen mot Stamåtjønna