star
star
star
star
star

Steindalen til Blåfjellet. Rundtur

Blåfjellet. Varden ligg på 796 moh. Varden på fjellet ligg i grensa mellom kommunane Flora og Naustdal søraust for Steindalen. Hit kan du gå frå fleire stadar, denne turen er ein rundtur frå...

Praktisk info

Enjoy-kode: 148744
Fv 541 og ta av til Steindalen. Parker ved Steindalsbrua.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
12.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Blåfjellet. Varden ligg på 796 moh. Varden på fjellet ligg i grensa mellom kommunane Flora og Naustdal søraust for Steindalen. Hit kan du gå frå fleire stadar, denne turen er ein rundtur frå Steindalen. Start ved brua innerst i Steindalen, gå over brua og følg traktor/skogsvegen austover på nordsida av elva. Ca. 100 meter etter grinda ved sankegarden fylgjer du vegen til høgre. Fortsett på traktorvegen til du kjem til Remmaelva, gå over steinbrua og kryss sør om elva som kjem austfrå. Følg ryggen oppover på nordsida av Albotnen, fortsett austover bergryggen nord for Gavlehola og sving sørover der berga svingar og går rett opp på kanten av Hesten. Du vil no sjå varden, fortsett rett sørover til du er aust for varden, sving så vestover mot toppen. Utsikt til Førdefjorden og vestover mot øygarden. Heilefjellet i sør. Frå varden går du mot nordvest ned frå Blåfjellet og ut i Helleheia, fortsett mot nordvest nedover i retning eit lite tjern nede på lia. Herifrå kan du gå rett ned lia og utover nede i dalen, eller følge høgda utover lia og svingen ned i Steindalen når du er på høgde med gardane.

Sporet som er lagt inn på kartet er gått delvis på sti og dyretråkk. Det er ei rettesnor kor ein skal gå. Det var ikkje like lett å sjå kor ein skulle gå, men det var flott når ein kom opp i høgda.