Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse. Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntaket då kjem du til til skiltet KVILESTEINEN - her må du ta ein pause og sjå utover bygda og ta deg innatt etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar. Oppe ved Buskard er det godt skilta og merka sti heilt inn til vatnet. Stien innover går i lett terreng og med fin utsikt ned til bygda. Like før du kjem til elva/bekken som kjem frå Stemvatnet, er det ein stor hidler her kan det vera godt å ta seg ein liten pause. Denne hidleren har gitt ly til både folk og dyr i ver og vind opp gjennom tidene.. Litt lenger oppe kjem du til eit vegskilje der det står skilt til Vardafjellet og Åksla. Følg merkepinnane inn til Stemvatnet. Dette vatnet er drikkevasskjelde for mange i Blikrabygda. Vatnet her renn ned til småkraftverket på Blikra/Svantesvoll og gir elektrisk straum til gardane Svantesvoll og Blikra. Her ved vasskanten kan du nyta freden og roen i fjellheimen.
Terreng: 2,5 km lang traktorveg med bratte parti opp til Buskard. Frå Buskard er det lett å gå innover til Stemvatnet. Nokre våte parti. Følg merkepinnar.
Fottøy: Gode tette sko