star
star
star
star
star

Stølstur frå Nes til Flatningane

Ein tur med flott utsyn over Lustrafjorden og Feigefossen. Trolsk furuskog etter Haldisås, og på Flatningane er det roleg stølsatmosfære. Høgdeskilnad: 680 m. God merking med raude prikkar frå Nes...

Praktisk info

Enjoy-kode: 333999
Parker langs fv 55, på rasteplassen på Nes.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
10.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein tur med flott utsyn over Lustrafjorden og Feigefossen. Trolsk furuskog etter Haldisås, og på Flatningane er det roleg stølsatmosfære. Høgdeskilnad: 680 m.

God merking med raude prikkar frå Nes Gard. Følg veg og kjerreveg, sidan god sti bratt opp til stidele for DNT-ruta til Høyheimsvik. Vidare på T-merka sti til stølane på Flatningane. Flott utsikt over Lustrafjorden med Feigumfossen på andre sida av fjorden. Frå Flatningane er det fleire turmogelegheiter vidare. Her er stidele for turar til bygda Høyheimsvik, til Eggi og Grånosene, rundt Flatningane via Stordalsskar og Bergsskar, ned til Engjadalen eller mot DNT sin sjølvbetjeningshytte Navarsete. Det er ikkje vatn å finne før bekken ved Flatningane, så sørg for å ha med nok drikke til turen opp dit.