star
star
star
star
star

Støvringsstøylen frå Dalavatnet

Turen startar på Støfring ved idylliske Dalavatnet. Du går på fin og brei skogsveg heilt opp til støylstomta. På veg opp går du i fin og open furuskog og finn fine kvileplassar på gamle...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 240800
Ta av E39 ca 6-7 km vest for Vassenden og ta av på grusveg som går mot gard på Støfring, som ligg rett vest for Dalavatnet . Merk at turen startar på privat landbrukseigedom, der ein som turgåar må syne særleg respekt for gardsdrifta.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar på Støfring ved idylliske Dalavatnet. Du går på fin og brei skogsveg heilt opp til støylstomta. På veg opp går du i fin og open furuskog og finn fine kvileplassar på gamle kvilesteinar. Skogsvegen går i jamn og fin stigning oppover lia, der du krysser nokre små grover med sildrande vatn innomellom. Frå støylstomta, som er godt rydda for skog, får du svært god utsikt over Vassenden og inn mot Jølstravatnet.

Turen høver godt for turgåarar som ønskjer å finne stiar som ikkje er så bratte og krevjande. Ruta passar derfor godt til småbarnsfamiliar og andre som likar litt rolegare terreng. Skogsvegen eignar seg òg godt for jogging i lettare terreng.

Turen går i område med ein del beitedyr i sommarhalvåret. Så respekter bandtvang og lat att alle grindar etter deg.