Strunkehelg 2025 - Halling

Velkomen til Strunkehelg på Merket 17.– 19. januar 2025. Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, torader, song og langeleik. Instruktør i halling er Vilde Westeng! Vilde 23 år og er...
17.jan
2025
kl 18:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 975522
Type
Læring
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo

Detaljer

Velkomen til Strunkehelg på Merket 17.– 19. januar 2025.

Det blir kurs i pardans, halling, hardingfele, fele, torader, song og langeleik.

Instruktør i halling er Vilde Westeng!

Vilde 23 år og er frå Gransherad i Telemark, og byrja å danse som 9-åring. Ho dansar både bygdedans, runddans og halling, og har sidan 2015 vore aktiv utøvar både på kappleik, som instruktør og mykje anna. I 2023 valde ho å fordjupa seg i hallingdans gjennom si bacheloroppgåve ved Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland, og under Landskappleiken 2024 rykka ho opp i A-klassen i halling!

Vilde seier: "Jeg gleder med veldig til Strunkehelga og håper jeg har et og annet krumspring å lære bort!"

Instruktørar på dei øvrige kursa er Frank Henrik Rolland, Stian Johan Roland, Anne Marit Jota, Inge Gjevre, Margrete Nordmoen, Andrea Søgnen m.fl.

Aldersgrense 11–20 år.

FØREBELS TIMEPLAN

Fredag: 18.00 Velkomen! Deltakarane får tildelt rom. 19.00 Deltakarane blir delt inn i grupper og får litt undervisning før kveldsmat 21.00 Kveldsmat, lærarkonsert og dans

Laurdag: 09.00 Bisk 10.00 Undervisning 13.00 Dugurd 14.30 Fellesdans eller andre aktivitetar 16.00 Undervisning 18.00 Nons 20.00 Dansefest

Sundag: 09.00 Bisk 10.00 Undervisning 12.00 Dugurd 13.00 Undervisning, pakking ut av romma og gjere seg klar til konsert 14.00 Konsert for å syne fram det gruppene har jobba med, foreldre og andre er velkomne til å høyre/sjå på. 15.00 Avreise

Kart