Strunkeveko 2025 - Langeleik

Meld deg på langeleikkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper. For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to...
06.jul
-
kl 16:00

Detaljer

Meld deg på langeleikkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Lærar :Andera Søgnen

Andrea er 23 år, og er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar fra Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. Hennar store interesse for overføring av låttar fra hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å vera soloutøvar, blir ho hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans. Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovedinstrument, ei grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Praktisk info

Enjoy-kode: 963493
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo