Detaljer
Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.
Instruktør: Solveig Brekke Hauknes!
Solveig Brekke Hauknes (f. 1993) kjem frå Bærum og bur no i Vågå i Gudbrandsdalen. Til dagleg arbeider Solveig som kulturrådgjevar for folkemusikk og folkedans i Noregs Ungdomslag og som produsent og prosjektleiar i musikkproduksjonsselskapet Melovitten. Ho arrangerer også fleire festivalar og konsertar.
Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa og spelt fele/hardingfele stort sett heile livet. Ho deltok sjølv på Strunkeveko som ungdom. Solveig har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å få nerde dans i lag med andre. Ho er spesielt glad i runddans og pols, men har eit breidt fagområde som ho underviser i og synes det er spennande å utforske nye dansetradisjonar.
Solveig har helde ei rekkje kurs for nybyrjarar og godt erfarne dansarar og for både unge og eldre.
Ho gler seg stort til å halde pardanskurs på Strunkeveko til sommaren!
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.