SUMMETONAR // FINN TOKVAM / OLAV STEDJE / ODD-ERIK LOTHE

SUMMETONAR // FINN TOKVAM / OLAV STEDJE / ODD-ERIK LOTHE DOORS KL 1900 // KONSERT KL 2000 // BILLETTAR KR 349,- // STUDENT KR 299,- // KULTURKORT FØRDESTUDENT 175,- Sittande konsert. ID 18...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
29.aug
-
kl 19:00

Detaljer

SUMMETONAR // FINN TOKVAM / OLAV STEDJE / ODD-ERIK LOTHE

DOORS KL 1900 // KONSERT KL 2000 // BILLETTAR KR 349,- // STUDENT KR 299,- // KULTURKORT FØRDESTUDENT 175,- Sittande konsert. ID 18 ÅR.

Presse SUMMETONAR: Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam gir ut album saman! Dei tre artistane har samla seg om eit felles prosjekt. Å lage eit album med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei kjenner både kvar for seg og saman. Stadar som ber på minner. Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen – desse og fleire stadar får sine songar. For alle stadane husar tekstar og historier. Frå poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til absurde fortellingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken, lengten og livet. Når Stedje, Lothe, Tokvam no tek med seg albumet og reiser på turné, blir albumet presentert som ei samanhengande forestilling. Finn Tokvam vil knyte det heile saman med sine lune og humoristiske betraktningar rundt temaet i kvar enkelt song. Med seg har dei også langvarig samarbeidspartnar og medmenneske Halvor Folgerø på bass.

Praktisk info

Enjoy-kode: 961925
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.