Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
I Kvinnherad ligg forholda godt til rette for å tøya skisesongen utover på våren og forsommaren. For mange som likar å gå på ski, er denne delen av skisesongen den finaste. Skitur i shorts med sola bakande frå ein høg himmel, er draumen for mange. Snøforholda i høgfjellet og på breen er ofte ideelle på denne tida, og sesongen varar fram mot midten av juni.
Men før ein kan nyta skituren i høgfjellet og på brevidda, må ein ta slitet, og gleda, med turen frå fjorden og opp i fjellet. Turtipset tek for seg turen frå Sunndal i Mauranger til Bergen Turlags hytte Fonnabu ved brekanten under den vestlige delen av Folgefonna. Dette er den mest nytta oppgangen til denne delen av Folgefonna. Du kjem til Sunndal enten gjennom tunnelen frå Odda, eller langs fjorden frå Rosendal. Vel framme i Sunndal tek du av frå hovudvegen og følgjer kjørevegen langs elva om lag ein kilometer til parkeringsplassen ved inngangen til den ville, vakre Bondhusdalen. Herfrå er det god gangveg, Isvegen, til vegskiljet 500 m nedanfor Bondhusvatnet. Så startar «klatringa».Den gamle turistruta, ofte kalla Keisarstien, stig makeleg opp Hillerslia i 18 svingar til Gardshamar, ei idyllisk seter med vidt utsyn. Setra liggvel 600 meter over havet. Sveitten har pipla fram lenge, og det høver godt med ein matpause. Pass på at du fyller på med væske etter kvart. Væske tapet er stort på turar som dette. Det er og så lurt å fylla vannflaskene her. Lenger opp kan det vera vanskeleg å finna vatn. Frå Gardshamar held ein fram opp stien, over brua ved utløpet av Botnavatnet (832 moh.), og vidare i jamn, god stigning i nordleg retning til Gjeldfeskaret, der stien dreiar søraust opp Botnahorgjo og ned til Øyramerkjevatnet. Tidleg i sesongen vil du møta snøfenner på den strekninga du har lagt bak deg. Om du ikkje har tatt skia på tidlegare, kan det høva å gjera det her. Frå sørsida av vatnet er det bratt opp til den gamle turisthytta Breidablikk (1322 moh.). Her frå sørover Fonnanuten og fram til Fonnabu (1450 moh.). Turen er T-merka og tek om lag seks timar. Fonnabuhyttene ligg ved brekanten og er sjølvbetent. Fonnabu er eit godt utgangspunkt for breturar, noko som kan vera ei fantastisk oppleving når einhar kunnskap og utstyr til å gjennomføra turen på forsvarleg vis. Viss ein ikkje har erfaring frå turar på bre frå tidlegare, kan det vera lurt å begynna med å delta på ein av dei mange fellesturane som går på Fonna om våren. Både Kvinnherad Turlag, Bergen Turlag og Haugesund Turistforening arrangerer slike turar. I fellesferien dei siste åra har også Folgefonni Breførarlag hatt dagleg føring over breen,mellom Fonnabu og Holmaskjer.
Kjøretid: Frå Haugesund: 2 1/2 time
Parkering: Ja
Tid: Om lag 6 timar
Kart: Norge 1:50 000 Odda 1312 III og/eller 1315 III fra Statens kartverk