star
star
star
star
star

Sunnfjord Triathlon

Symjing - 500 meter. Start med å symje rundt badeøya, du går så iland og spring langs gangvegen til parkeringsplass ved båthamna. Der byter du til sykkel. Sykkel - 23 kilometer. Du syklar bort og inn...

Praktisk info

Enjoy-kode: 746109
Start og parkering ved Sanden / badestranda i Naustdal.
Dagleg buss frå Florø og Førde. Studer elles det vedlagte kartet.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
45 minutter
Lengde
27.7 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Symjing - 500 meter. Start med å symje rundt badeøya, du går så iland og spring langs gangvegen til parkeringsplass ved båthamna. Der byter du til sykkel.

Sykkel - 23 kilometer. Du syklar bort og inn på riksveg 5, opp mot Naustdalstunnelen og fortset innover Naustedalen som innteikna på kartet men via Hove bru. Ved Kallandbutikken snur du nedover att då føl du hovudvegen heilt attende til der du starta å sykle, langs riksveg 5.

Løping - 3,7 kilometer. Du parkerar sykkel og tek til å springe gjennom badestranda over nyebrua og kryssar vegen inn mot byggefeltet. Du skal no springe opp til og over gamlebrua, så føl du undergangen og spring vidare gjennom sentrum mot forrige veksling. Der fortset du inn på og langs stranda over gangbrua og bort til budeia på badeøya.

Dette e ein skikkeleg oppfriskande tur, variable moment er til dømes bølgehøgde, straum og kva veg dalatrekken bles :)