star
star
star
star
star

Svéningen 842 moh - det høgaste fjellet i Os

Svèningen (842 m.o.h.) er det høgaste fjellet i Os. Turen startar ved parkeringsplass i Øvredalen. Frå parkeringsplassen går du over ei lita bru, og følgjer skiltinga til fjells. Langs den første...

Praktisk info

Enjoy-kode: 749484
Frå Os køyrer du mot Hatvik, men tek til venstre vis a vis Bjørnefjorden gjestetun og vidare inn på Hegglandsdalsvegen (F 137). Du følgjer vegen innover dalen, ned Rødsliane og tek til venstre ved skilt til Øvredalen. Her følgjer du Øvredalsvegen innover heilt til endes av Øvredalsvatnet. Inst i Øvredalen kjem du til parkeringsplassen. Ved parkeringsplassen ligg det tidligare klubbhuset til Os Golfklubb.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
50 minutter
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Svèningen (842 m.o.h.) er det høgaste fjellet i Os. Turen startar ved parkeringsplass i Øvredalen. Frå parkeringsplassen går du over ei lita bru, og følgjer skiltinga til fjells. Langs den første delen av turen vil du finne fleire visdomsord og hyggelege overraskingar. Kunstnar og poet Jimmy Øvredal som bur i området har satt opp dette.

Den første delen av turen går i skogsterreng. Når du kjem over tregrensa, får du ei nydeleg utsikt bakover mot Øvredalen. No startar stigninga opp mot toppen. Det er spesielt eit par stader der det er skikkeleg bratt. Frå toppen er det storslagen utsikt mot Fusa, Samnanger, Folgefonna i aust, Bjørnefjorden, Tysnes og Kvinnherad i sør. Nordover ser du Gullfjellet og Byfjella i Bergen.

Frå Svèningen kan du gå vidare mot Søtafjellet, Sauskolten, Rindafjellet og heilt til Midtsæterfjellet. Dette er er å rekne som ein dagstur. Ein tur som byr på fantastisk utsikt, samt høgfjellskjensle. Eit tips er å setje frå seg ein bil på Midtsæter slik at ein har transport når ein kjem ned frå fjellet.

Nye turskilt til Svéningen frå parkeringsplassen er under arbeid. Turen er på omlag 5,8 km.