Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
07/11 2024 kl 10:00
Detaljer
Ei lita framsynng om ulikskap og gjestfridom etter eit ukrainsk eventyr av og med Duc Mai-The
Det er vinter og kaldt i skogen, og heldig er den som finn ein stad å bu. Det gjer Pilemus Silkehår som finn skinnvotten. Så kjem Friskefrosk, Haremann, Revemor, Ulven, Villsvinet og Bamsefar og bankar på. Ein etter ein får dei alle plass i den varme votten. Musikk frå landet dei kjem frå klingar ut i det nattemørket skogen, tonar frå Noreg, Sri Lanka, Polen, Sverige, Pakistan, Vietnam og Russland. Alle får plass, sjølv om det knakar i saumane.
Framsyninga er inspirert av eit ukrainsk eventyr. Det same eventyret var også til inspirasjon for Alf Prøysen då han gjendikta og omsette dette i boka, Skinnvotten. Duc Mai-The speler alle rollene med stor innleving og byr på forteljarteater på sitt beste. Duc er utdanna ved Teaterhøgskolen og har vore tilsett ved fleire av landet største scener, som Nationaltheatret, Oslo Nye Teater, Riksteateret, Teater Innlandet, Rogaland Teater etc. Duc er også kjend frå fleire TV –produksjonar og er også mykje brukt til å lesa inn bøker for lydbokforlaga. Han driv også eige firma, Gut og kar produksjon.
Teaterframsyninga er støtta av Spenn og Fond for lyd og bilete. Varigheit: 30 minutt. Passar for barn og unge frå 5 år.
«Vi så Skinnvotten med dei to barna våre på seks og sju år. Duc Mai-The imponerer med stor forteljarglede, høgt tempo og fiffige vekslingar. Gøy for både barn og vaksne» Hamar Kulturhus