Detaljer
tonehimmel er ein festival for kunst av levande menneske, ei veke der vi i samspel med landskapet og lokalsamfunnet på Søre Sunnmøre skapar og opplever lyd og kjensler som spring ut av vår eiga tid. Vi håpar du vil vere med oss og leike, lytte og kjenne, om du er baby, barn, ungdom eller vaksen. Bli med på tur, konsert og oppdagingsferd i Voldaskogen, til Ekkodalen, i Klangfabrikken på Vartdal, på Folkestad, ved Rotevatnet og mange andre stader. Detaljar om programmet finn du på heimesida vår: www.tonehimmel.com. Til årets festival kjem mellom anna: Tøyen fil og klafferi, Helge Iberg, Ruth Wilhelmine Meyer, Tanja Orning, Marianne Reidarsdatter Eriksen, Kishore Gaiendra, Lars Ove Fossheim, Solveig Styve Holte, Sofia Jernberg, YKS Ung, Song Circus, Liv Runesdatter, Liv Kristin Holmberg, Ingrid Vik Henriksen, Klaus Holm, Hildegunn Hovde, Cecilie Hole, Magnhild og Runar Tafjord og vår eigen Magnar Åm. Festivalpasset kostar kr 1053,-. Festivalpasset gir deg dei billegaste billetane til festivalen. Med dette passet kan du kjøpe billettar til alle arrangementa våre for kr 5,-. Vi møtest på tonehimmel 25.-29. juni 2025! PS: Alle under 20 år går GRATIS inn på alle arrangementa våre.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
25/06 2025 12:00pm