star
star
star
star
star

Topptur til Høgsetholten (Høgsetfjellet)

NB! På kartet står det Høgsetfjelllet. Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i ca 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn: Halvgjerda og Høgsetstølen. Ta inn på stien til...
Foto: Alf Foss

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 645636
Parkering på velteplassen i Stølsvika aust om Viskedalen like ved fv13.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

NB! På kartet står det Høgsetfjelllet. Frå Stølsvika og velteplassen følgjer du skogsvegen i ca 10 minuttar til du kjem til skiltet med to namn: Halvgjerda og Høgsetstølen. Ta inn på stien til høgre som fører til Høgsetstølen. Like før stølen står skiltet med Høgsetstølen på. Her heng også den grøne postkassen med bok i der du kan skrive namnet ditt. Etter nokre få minuttars vidare gange og like før stølen møter du eit nytt skilt med namnet Høgsetholten. Stien går no slik at du har sela tett på di venstre side. Like før du har gått forbi stølen står eit nytt skilt med namnet Høgsetholten. Herifrå er det merka ei etter kvart bratt råk heilt opp til Høgsetholten (Høgsetfjellet). Råka vert litt mindre bratt når du er kommen forbi himmelsynet. På varden heng den grøne bokkassen der du kan skrive namnet ditt. Nyt utsikten, spesielt mot vest!