Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
I fjellrekka mot vest i Storulvån-området finn ein dei to fjella Tväraklumparna. Sidan dei ikkje har individuelle namn på karta som er å oppdrive, har eg valgt å beskrive det som store og lille Tväraklumpen på henholdsvis 1409 og 1255 moh.
Denne turen går mot Store tväråklumpen som ligg i enden av dalen mellom Geitryggen og Lille Tväraklumpen. Det er med andre ord litt transport før ein begynner på stigninga opp til toppen. Ein går gjerne opp litt ut mot ryggen og køyrer rett ned frå toppen.
Turen er ikkje veldig krevande, har fin nedkøyring.og kan undagjerast på 2-3 timar. Dette betyr at det er ein fin solnedgangstur om ein køyrer litt tidlig på ettermiddagen frå Trondheim i april-mai.
Storulvån har bra med snøforhold, så det er mogeleg å gå skiturar her relativt seint og tidlig på sesongen. Frå november til februar må ein passe på at bilvegen er open, då denne vanligvis er vinterstengt.