star
star
star
star
star

Topptur til Storefjellet i Gaular kommune

Storefjellet ligg i Gaular kommune og er 1182 moh. Det kan vere litt misvisning på namn som er brukt her mot det som står på kartet. Lokalt har toppen alltid hatt namnet Storefjellet. Ruta til...
Foto: Terje Steinar Vallestad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 670856
Startpunkt ligg rett ved fylkesveg 1,. Nasjonal tursistveg over Gaularfjellet. Det er grei parkeringsmuligheit ved startpunkt. Spør gjerne om parkering ved Flatheim gard om å parkere.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Storefjellet ligg i Gaular kommune og er 1182 moh. Det kan vere litt misvisning på namn som er brukt her mot det som står på kartet. Lokalt har toppen alltid hatt namnet Storefjellet. Ruta til toppen er merka med skilt i starten, men og rød T i tillegg til røde ringer på tre. Ruta er merka som svart tur. Turen startar ved Hoffslåttene og går i furuskog den første delen, ca 0,8 km. Det står grøne skilt på stolper gjennom all furuskog. Sidan vert det litt lauvskog, ca 0,5 km. Når ein kjem opp i ca 650 moh, så opnar landskapet seg med flott utsikt mot aust, sør og vest. I aust ser ein innover Gaularfjellet, Melsnipa og Fjella i Sogn, (Balestrand og Fjærland). Frå ca 900 moh så er det eit litt brattare parti opp til ca 1000 moh. Vær oppmersam på at ved våte parti her, så skal ein være varsam. Når dette bratte partiet er unnagjort, så vert løypa mindre bratt. Løypa går mot toppen på sørsida av fjellet. Det er god utsikt austover, sørover. I sør vil ein sjå Gaular kommune sitt høgste fjell, Geitebotsfjellet, 1354 moh. På ca 1150 moh vil utsikten til alle retningar opne seg. Det er ca 300 m til varden på toppen når det flatar ut.