Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Stien startar ved info.tavla v/P-plassen og går oppover langs traktorveg eit stykke. På vegen oppover er det god utsikt over store deler av Nedre Vats og innover Stokkadalen. Før du kjem opp til toppen ved eit fint utsiktspunkt, står det ein liten varde med ein turkasse med bok i som speiderane har sett opp. Skriv deg inn i boka og bli med i Nutafantkonkurransen. Her kan du ta valget om du vil gå nedatt same vegen til Tjetveit eller om du vil fortsetja og gå 150 m opp til toppen og følga stien vidare ned til det gamle skulehuset i Stokkadalen. Denne rundturen tar om lag 2,5 timar. Når du er komen ned til det gamle skulehuset, må du gå 1,5 km på bilvegen ned til parkeringsplassen ved Tjeltveit dersom du sette bilen frå deg der. Fin rundtur.
Turstien er rydda, merka og skilta.
Terreng: God skogsveg eit stykke oppover og så inn på fin sti til venstre v/Skiljehaugane som slynger seg oppover. Ved Brekkå går du gjennom bjørkeskog og litt blanda vegetasjon.
Fottøy: Fjellsko.
Historie: Segna om TORDISNUTEN kvifor dette namnet? Då Svartedauden herja i Noreg, kom sjuka òg til Stokkadalen i Vats. Dei døydde i alle gardane, så nær som ei jente. Namnet hennar var Tordis. Etter ei tid tok ho seg fram mot fjelldraget på vestre sida av vatnet for å sjå om det kunne vera liv i andre grender rundt fjordane. Ho reika rundt på dei høgaste brynene i sør og vest. Berre frå ei stove steig det opp røyk, det var på Raunes på nordvestsida av fjorden. Ho tok seg ned til fjorden på Stokkasida, fekk ropa over, og den eine attlevande der rodde over. Dette var ein ung gut, og dei to slo seg saman og flytta til Stokkadalen. Frå desse to ættar alle på Stokkadalen i dag. Nuten ho tok seg opp på, vart kalla Tordisnuten, og ber det namnet den dag i dag. Og det seiest at i alle ættledar har kvinnenamnet Tordis vore halde oppe, og det like til den dag i dag.