Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Detaljer
Sandnes var få gammalt av kjend som ein by med ein streng alkoholpolitikk. Byen hadde til og med eit «avholdsparti» som lenge var ein maktfaktor i politikken.
I dag er situasjonen ein heilt annan. Synet på alkohol er kraftig liberalisert, og Sandnes framstår i dag som ein by som bryt barrierar når det gjeld å opna for alkoholbruk på nye område. Tidlegare i år vekte det oppsikt då fleirtalet i den H/Frp-styrte byen ville tillata skjenking i frisørsalongar og andre servicebedrifter, og det var skarpe frontar mellom Sandnes-politikarane. Saka vart utsett, men vil koma opp igjen i september.
Uansett utfall av denne saka stiller me spørsmålet: Er alkohol og rus på veg tilbake som eit stort stridstema i Sandnes-politikken? Er me vitne til ein fornya kamp om Sandnes si alkoholpolitiske sjel? Og kan alkoholspørsmålet føra til nye alliansar i kommunepolitikken?
Deltakarar:
Sverre Nesvåg, alkoholforskar og eks-politikar, gir eit oppspel til debatt.
I panelet:
Kristoffer Birkedal, varaordførar (Frp)
Kine Myhre, gruppeleiar H
Arne B. Espedal, gruppeleiar Ap
Christian Riska, gruppeleiar KrF
Debattleiar: Tom Hetland