Tour de KÅKÅnomics: Skal Gjesdal satsa meir på hyttebygging?

Marit Høie, leiar i utval for kultur og samfunn (H) Hanne Marte Vatnaland, gruppeleiar for Sp i fylkestinget Frank Skjæveland, dagleg leiar i Masiv Eiendom Oddmund Petter Aasen, leiar i Hunnedalen...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
15.okt
-
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 446559
Type
Læring
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Detaljer

Det finst om lag 450.000 hytter i Norge. Talet har auka kraftig dei siste åra, det same har storleiken og standarden på hyttene. Me vil ha innlagt vatn og straum, bilveg til hyttedøra, badstu og yacuzzi, og sjølvsagt allslags tekniske dippeduttar.

Å ha ei hytte er til stor glede for dei heldige som har råd, og hyttebygginga gir inntekter for grunneigarar og hardt tiltrengte arbeidsplassar i distrikts-Norge. Samtidig legg den moderne hyttekulturen eit hardare press på naturen. I dei største hyttekommunane begynner protestane å koma.

Med sine vel 850 hytter er ikkje Gjesdal nokon stor hyttekommune, og standarden er nøktern samanlikna med nabokommunen Sirdal. Men Gjesdal har område som både er attraktive for hyttebygging og som har store naturkvalitetar. Og etter kvart som det vert dyrare i Sirdal, kan potensielle hytteeigarar dukka opp i Gjesdal med ønske om same hyttestandard som i Sirdal, men til lågare pris.

Kva hyttepolitikk skal Gjesdal velja? Skal kommunen opna for bygging av fleire og større hytter, eller tvert om prøva å bremsa utbygginga?

Kart