Detaljer
Program for dagen:
Kl. 10:00 Velkommen og introduksjon av dagens butikk, Camelias Hus
Kl. 10:30 Pause, tid til drøs, shopping, påfyll av kaffi m.m.
Kl. 11:45 Jord Clothing
Kl. 12:30 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til
Drøs, strikking og shopping m.m.
Kl. 13:30 Garnius, designsjef Sigrun Gilje Hindal og designkoordinator Anne Kvalevaag
Kl. 14:15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning
Kl. 15:00 Vel heim
Pris
Foredrag + lunsj kr. 495,-.
Påmelding er nødvendig.
Butikkar som er med:
Camelias Hus er ein 460m2 stor butikk på Ganddal. Dei fører mange merker innan garn, interiør og hobby
Garnius har ikkje fysisk butikk denne dagen, men alle deltakarane vil få ein tidsstyrt rabattkode i nettbutikken
Foredrag:
Jord Clothing vart etablert i 2020, av gründerne Frida & Frida. Det starta opp med tidløse oppskrifter for barn, gjerne unisex. Designene er laga for å vare over ein lengre periode, gjerne gå i arv. Oppskrifter til vaksne kjem nå på løpande bånd. Her er det mykje å velge mellom for alt frå nybegynnaren til den erfarne strikkaren. www.jordclothing.no
Garnius - design. Kanskje er ditt neste strikkeprosjekt eit Garnius-design? Me får besøk av designsjef Sigrun Gilje Hindal og designkoordinator Anne Kvalevaag. Sigrun har mastergrad i strikkedesign og vil fortelje om korleis dei arbeidar med å utvikle nye design og har med mange flotte modellar som ein kan sjå nærmare på. www.garnius.no