Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Stigen går ned frå skogsvegen til Tundra og over elva på bru. Stigen går sørvest langs Tundra. Etter 2,5 km går du forbi Tålormskogen. Omlag halvvegs går du forbi Gammelstulen og du vil du sjå Midre Gjelåe som kjem ned frå Midre Gjelåbreen på sørsida av Tundra. Det er lett stig innover til Grønstorrbu.
Grønstorrbu er 20 m², og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Skjåk Almenning har utleige av Grønstorrbue.
Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open.
Lausmassetransporten av breslam frå Ytre Gjelåe er særleg stor på varme dagar, og fargar Tundra turkis. Tundradalstjønna er ikkje påverka av breslam.
Fisken har god kondisjon. Det går også stor fisk i Tundradalstjønna og Tundra.
Både Nedre Tundradalstjønn og Tundra ovanfor Ytre Gjelåe er fine områder for fiske med stong. Men også i Tundra nedstrøms Ytre Gjelåe når det ikkje er for varmt i været.