Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Turen startar ved velteplass for tømmer. Følg skogsveg frå velteplassen oppover. Der skogsvegen sluttar etter omlag 200 meter, ta til venstre inn på merkt sti og følg denne. Stien går i starten gjennom ein fin gammal bjørkeskog, og ein vinn høgde med å stiga opp ein del mindre kneiker. Etter omlag 1,1 km frå oppstart-punkt står ein klar til å gå inn i Hagaskar, her stig det bratt og på dei neste 300 metrane vinn ein omlag 100 høgdemeter. På toppen av Hagaskar er det eit skilt som syner vegen videre til Bårefjell. Frå skiltet et det omlag 600 meter til toppen. Turen vidare går over litt myrar og kneiker før ein er på toppen av Bårefjell. Nedturen går vi Bjordal, ein går då mot aust frå toppen, det er mala merkjer på steinar i fjellet, stien svingar etterkvart frå sørsida til nordsida og tilbake til søraust-sida av fjellet, før ein er nede på traktorveg. Følg traktorvegen nedover til Bjordal til ein er nede på vegen, like vest om Bjordalstunet. Ta til høgre og følg asfaltvegen i ein knapp kilometer ned til tømmervelteplassen.