Ugras

Ugras er eit band frå Bø i Telemark som med ei utvida bluegrassinstrumentering lagar og framfører låtar inspirert av m.a. tradisjonell amerikansk folkemusikk, country og americana/roots...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.aug
-
kl 19:30

Detaljer

Ugras er eit band frå Bø i Telemark som med ei utvida bluegrassinstrumentering lagar og framfører

låtar inspirert av m.a. tradisjonell amerikansk folkemusikk, country og americana/roots samt

norsk/irsk folkemusikk og bluegrass.

Musikken er frisk, livleg og humørfylt, men ikkje utan innslag av sørgmodigheit og melankoli. I alle

høve representerer Ugras sine låtar noko ærleg og jordnært - både når det gjeld tekstar og musikk.

Konsertar med Ugras er ofte sett saman av eigne og andre sine låtar i same sjangerlandskap.

Bandet sine eigne tekstar er skrivne på nynorsk/Bø-dialekt. Bandet er kjend for å skape stor

stemning når dei opptrer.

Ugras består av Torstein Askildt: vokal, gitar, mandolin og munnspel; Stian Dalen: vokal dobro,

mandolin og gitar; Jon Solberg: vokal banjo og fele; Audun Rørmark: fele og vokal; Jørgen

Tellnes: cajun og vokal; Knut Eirik Hult: bass og vokal.

Så kva er Ugras? Jau, som du allereie veit: Friskt og frodig, eigenrådig, tilpasningsdyktig, vilt og

vakkert, noko med solide røter og som kan dukke opp når du minst ventar det!

Praktisk info

Enjoy-kode: 856992
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.