Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Følg traktorvegen heilt fram. Om lag 800m opp frå start kan du ta ein avstikkar og gå på Sti gjennom lerkeskog og koma inn på traktorvegen litt lenger oppe. Dette er ein fin opplevelsestur i tett lerkeskog mjukt underlag av barnåler. Når du kjem til Dyrhaug, (her står skilt) kan du ta ein liten avstikkar til høgre - 50 m opp ligg ei privathytte og like ovanfor denne ligg ein flott rasteplass med fin utsikt over Vatsbygda. Ta fram nistepakken her og nyt utsikten før du går vidare. Det kan vera godt med ein kvild etter kneikane oppover. Sjå skilt som står ved vegkrysset her. Vegen vidare er mykje lettare å gå. Om lag 600 m oppover kjem du til eit skilt REVABÅS og 50 m opp til høgre ligg denne gamle fangstfella for rev - murt fint inn i ura. Sjå informasjon om revabåsfella på eiga info.tavle/revabåsen. Ta ein kikk på denne før du går vidare innover til Veldehytta. Veldehytta er alltid open. Her kan du nyta nista di inne eller ute . Ute er det ein grillplass i gamal husmur. På bordet inne i hytta ligg ei hyttebok du kan skriva deg inn i. Ved Veldehytta er det godt skilta til nye turmål om du vil. Sjå skilt og merking til nye turmål: Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd, Longåsdalen, Bjordal.
Terreng: Traktorveg heilt inn til hytta - nokre bratte parti.
Fottøy: Vanlege sko, men skal du vidare frå Veldehytta, må du ha gode tette sko.