Detaljer
Håkon Sveen har levd som fulltids humorist ei årrekke, og n’Jalmar er vel langt på veg å rekne som Gudbrandsdalens svar på Arthur Arntzens «Oluf».
Johnsgård og kompani har slått seg i lag for å hylle viseskatten frå Stangegruppa Vandrerne. Svein Arild og Evald er kjent for mange frå utallige konsertar med både den musikalske humortruppen i «Eau de vill» og frå Dalarne Femund Spelmannslag. Ja, det er dei du har sett i Lang-Knut gården, kvart einaste år under Rørosmartnan. Tore Larsen er sentral i bandet Return.
Saman inviterer dei til ein trivleg kveld med glade sanger og tullhistorier. Trioen speller stadig omkring i Innlandet til latterkuler og gode omtaler. Dei har også konsertert til bravour med Solheimkoret, og publikum sett stor pris på visene og ikke minst tekster dei kjenner seg att i.