Detaljer
Ståle Søndrål Wick har trødd sine barnesko, tuta i skulemusikken, kødda og mopedert rundt i ungdommen fram til 20 årsalderen i Hol. Mange huskar han kanskje att ifrå 1900 talet i banda New Drifters og Painmakers, med øvingar i kjellaren på Bygdahall eller i rockeverkstedet ved Holet Skule. Han har etter kvart ei lang reise i musikkens teneste bak seg. Han debuterte med heilt eigen musikk sommaren 24. Å spela eigne låtar er skummelt, fordi det er så knytt opp til kven ein er. Ingen plassar å gøyme seg. Alt ein rår over er ein gitar og ord som har blitt skrivi ned, for ein grunn. Nokon gonger kan dette væra nok til å forandre verden. Ståle seier det slik. På eit tidspunkt i livet bikkar du toppen. Derifrå tippar det slakt nedover. Eg må erkjenne mi tilmålte tid. Klokka på veggen er større, tikkar høgare og mykje meir resolutt enn før. Tida seier at eg må gjera eit ærleg forsøk på å realisere det eg har bore på sidan barndommen. Reisa frå vogga til grava har sine ytterpunkt i glede og sorg, i håp og draumar og i sterke møter med seg sjølv i døra. I skuggen av min eigen midtlivsvisdom har eg sakte hogd ut låtar som har desse tinga i seg. Dette kjem eg nærmast på mitt eige morsmål, i hallingdialekta og på ein skarpladd gitar».
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
01/02 2025 kl 19:00