star
star
star
star
star

Yrisetra innanfor

For å kome til Yrisetra innanfor, følgjer du grusvegen oppover mot øvste garden på Yri ca 100 meter, før du tek til venstre over brua. Følg grusvegen vidare til Simatunet. Herfrå går turen vidare...

Praktisk info

Enjoy-kode: 361533
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

For å kome til Yrisetra innanfor, følgjer du grusvegen oppover mot øvste garden på Yri ca 100 meter, før du tek til venstre over brua. Følg grusvegen vidare til Simatunet. Herfrå går turen vidare på merka rås.

Stien opp til Yrisetra innanfor går gjennom bratt terreng. På setrevollen kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Olden i nord.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng. Første telefonen i Oldedalen vart montert på Yrisetra innanfor slik at dei kunne kommunisere heimatt til garden. Dette var i 1920.