Operapub

OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på - uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell...
28.sept
-
kl 22:00

Details

OperaPub er ein nydeleg måte å oppleve opera på - uansett om det er nytt for deg, eller du brenn etter et gjenhør med gamle favoritt-arier. Vi garanterer hyggefaktor og uformell stemning!

Medverkande:

Hallvar Djupvik er fødd og oppvaksen i Tomrefjord. Etter si utdanning på Operaakademiet i København har han vore solist på Den Norske Opera og Ballett, gitarist og songar i bandet Polkabjørn og Kleine Heine og fått mange års erfaring som kyrkjesongar/musiker i Oslo. Han har motteke ei rekke stipend og prisar, mellom annet Shells musikkteaterstipend i 2010.

Stephanie Lippert er mezzosopran frå Norrtälje i Sverige, utdanna ved Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde ho sin debut som “Anna” i Det Kongelige Teater si oppsetting av Nabuccco, dirigert av Per Giorgio Morandi. Som frilans operasongar har ho sunge roller i Norge, Danmark og Sverige, mellom anna "Tatjana" i Eugene Onegin, "Susanna" i Figaros bryllup og "Marguerite" i Faust.

Med seg har dei den eminente Martin Bredin på piano. Martin er pianist, dirigent, komponist og korleiar. Etter studie for Jiri Hlinka i Bergen og Oslo har han e ei årrekke jobba som repetitør ved Operaen i Kristiansund. Han er mykje nyttja som kapellmeister og arrangør, og som orkester- og kordirigent internasjonalt.

Tid: Laurdag 28. september 2024 kl. 22.00 Stad: Foajeen til Geirangersalen

Practical

Enjoy code: 641949
Type
Concert
Target groups
Adult, Youth
Source
TicketCo
External information

Sponsored links

Available tickets

Provided by TicketCo

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.