Livet er herligt - Ivar Nygaard fortel Ajax

“Live é herligt" – ei forteljarframsynig for vaksne med Ivar Nygaard. Andreas Jacobsen, kjent som Ajax, skreiv kvardagsforteljingar frå radioen og kinoen si tid. Frå 1934 til 1991 vart tekstane...
07.feb
-
kl 12:00

Detaljer

“Live é herligt" – ei forteljarframsynig for vaksne med Ivar Nygaard.

Andreas Jacobsen, kjent som Ajax, skreiv kvardagsforteljingar frå radioen og kinoen si tid. Frå 1934 til 1991 vart tekstane hans publisert i Stavanger Aftenblad. Historiane om folkå i Pedersgadå får oss til både å smila og reflektera. Gjennom det superlokala gjorde Ajax kvardagslege problem, mysteria til universet og store politiske spørsmål forståelege for både vaksne og barn. Ajax viktigaste reiskap var det me kan kalla alvorleg humor. Ajax var ein beskjeden mann – han slutta i jobben før sitt eige femtiårsjubileum for å unngå merksemd.

Forteljaren Ivar Nygaard har beundra Johanna sin fantasi og forteljarkunst heilt sidan femteklasse på barneskulen. Men det er først no, etter å ha vore munnleg forteljar i over 20 år, at han vågar seg utpå å formidla historiane med sine eigne ord, og samstundes vera trufast mot innhaldet i originalen. Sjølv om søppelkassa i bakgarden til Johanna og Broremann er vekke, og Stavanger ikkje lenger er ein industriby, deler me framleis Far te ‘an Marton og alle dei andre sine draumar. Difor gir historiane like mykje meining i dag som for 80 år sidan.

Praktisk info

Enjoy-kode: 237723
Type
Scene
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
07/02 2025 kl 12:00
Sølvberget bibliotek og kulturhus Haga panorama Hagatunet 6
I samarbeid med LinTicket