Aktuelle alternativer
Detaljer
Når haustmørket igjen har lagt seg over byen smell vi til med Humor-fest på Vesle-Kinn! Vi får besøk av fire ganske så morosame karar:
JONNA STØME: Jonna Støme har elska å stå på scena sidan han debuterte som standupkomikar for nesten tjue år sidan, og publikum har elska han tilbake frå første stund. I 2010 ble han nominert til Komiprisen for forestillinga «Fargerikt faenskap». Jonna har også brei erfaring som TV-fjes og programleiar, blant anna som en del av gullrekka på NRK.
VIDAR HODNEKVAM: Vidar Hodnekvam leverer standup i verdsklasse frå Bergen. Vitsane hans er skarpe, kjem tett, og får salen til å riste av latter. Vidar tar ofte utgangspunkt i eigen oppvekst, livet som småbarnsfar, samfunnet generelt, og si evne til å hamne i håplause situasjonar.
ØYVIND ANGELTVEIT: Øyvind Angeltveit er ein norsk komikar, tekstforfattar og skodespelar. Han har deltatt i ein rekke revyar, spesielt på Vestlandet og i Oslo, og var med på å etablere revygruppa Lompelandslaget. Øyvind er også kjent som mangeårig regissør av Florarevyen.
ROY OLAV AUSTBØ: Roy Olav Austbø er skodespelar, kjent fra Florarevyen, og ofte brukt som konferansier og toastmaster. Tidligere var han daglig leiar i HippHipp Flora, som produserte Melodi Grand Prix for NRK.